Små heimar


Små heimar av Carl Sandburg
42 s. Nordsjøforlaget. 2013.

Carl Sandburg (1878-1967) skriv kraftfulle, varme dikt for born. Han var ein av dei fyrste modernistene som la vekt på det. I denne boka har Eva Jensen gjort et vakkert og framifrå utvalg for små norske lesarar – og gjerne store og.

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside.

Rasmus leikar med elden

Rasmus leikar med elden av Inger Norberg og Jan Ove Ulstein (Innbundet)
Rasmus leikar med elden av Inger Norberg, Jan Ove Ulstein og Motorfinger
Ura forlag. 2013.

Rasmus hamnar ofte midt i elden.
Det er flaks for han at han har Julia
når han kjem i trøbbel.
Det er ikkje noko ondt i Rasmus.
Men han må alltid rote det til for seg.
No må han byte skule.
Og dessuten skal han til politiet til forhøyr.
Men ingen kjenner Rasmus så godt som Julia
og ho er verkeleg ein god venn.
Tekst og bilde er hentet fra boksok.no

 

Dødeboka


Dødeboka av Lars Mæhle
588 s. Samlaget. 2014.

Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik.

Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skrifta. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umoglege oppdraget i riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide?

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside.

Arrfjes


Arrfjes av Terje Torkildsen
167 s. Samlaget. 2014.

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside.

Kampen om Kervad


Kampen om Kervad av Asbjørn Rydland
338 s. Samlaget. 2014.

Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit.

I bok fire om Drakeguten held den spennande forteljinga om Koll, Kervad og kampen om rikdom fram.

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside.

Skriv i sanden


Skriv i sanden av Marjun S. Kjelnæs
Oversatt av Lars Moa.
170 s. 2014. Samlaget.

Kvelden er svart kulde. Súni begynner å gå, han ser ut på havet, tenker på stranda, at han burde gå ned der, burde skrive dei orda som skal til, skrive dei i sanden og la havet suge dei i seg og skylje dei inn på kvar einaste strand i heile verda.

Skriv i sanden handlar om ei helg, 10 ungdommar og korleis 10 par auge opplever den same helga, men på ti ulike vis.

Denne kollektivromanen skildrar på ein ærleg og truverdig måte ungdomslivet som kan svinge frå bibelgruppe til himmelropande festing, frå glede til djup fortviling. Vi møter mellom anna guten Súni som er forelska i jentefuten Tróndur,  gudfryktige Ingunn som brått oppdagar at det kan vere vanskeleg å tilgi, og Rebekka som langsomt sklir vekk frå venner og sjølve livet, fordi ho sluttar å ete.

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside

Ei beine att

EiBeineAt
Ei beine att av Arnt Birkedal
127 s. Wigestrand. 2013.

– Eg då, seier Vaskehjelpa til den siste nattevakta, når den
næraste pårørande er reist. Ho vågar seg til å spørja: – Er eg daud? – Ja, seier
nattevakta. – No er du det. Kom no bare, seier han. – Det er stutt og lett veg
ned til båten. Ferjemannen og hunden hans ventar. Det kostar ikkje fem flate
øre. Nei, du treng ikkje kle på deg meir. Me må fly, veit du. Me må fly, me må
fly, me må fly. Til hist og pist ved flodene. Me tar straks beine vegen dit! –
Beine vegen. Ei beine att, tenker Vaskehjelpa med den første klare tanken
på sju-åtte år.

Tekst og bilde er hentet fra forlagets hjemmeside.